onsdag 15. juni 2011

Inspirasjon til restegarnstrikk

Eg har tidlegare skrive om "gullmail", altså e-post med kjekt innhald. For ikkje så lenge sidan fekk eg eg ein slik e-post frå Therese. Ho har strikka Rullegenser i restegarn av 2-tråds Merinoull og har sendt meg bilete av resultatet:

Ho har blanda Turkis/Breblå saman med ein del meir dempa fargar. Gensaren vart veldig fin! Det er mange fargar saman og det er fint med små striper (og verdt jobben med festing av trådar..) Takk for inspirasjon, Terese!


I januar var temaet her på bloggen "restegarn". Kikk gjerne gjennom dei innlegga for inspirasjon og oppskrifter. Me har jo alltid litt restar å blir kvitt? Det kjem nok nye restegarnprosjekt her på bloggen og.

Terese har eigen blogg: Earth & Living , og er medforfattar på bloggen Jordnært.

Mange gode innlegg som er verdt å få med seg!

I morgon kjem eg med ei utfordring til sommarstrikking. Følg med, følg med!