torsdag 9. juni 2011

Sommarglede - Tips til aktivitet for store og små

Ingebjørg vart 10 år i april og ho har venta lenge på feiringa, så på søndag hadde me piknik i hagen. Temaet var valde ho sjølv og det var 70-talet. Så me fekk hagen invadert av 25 skjønne "hippiar". Då me diskuterte program kom eg fram til at erteposar kunne vere fint å spinne det rundt noko som har med 70-talet å gjere. Erteposar fann eg ut var ganske 70-tals?
Så eg sydde 30 erteposar. Eg fann det godt forklart her. Eg brukte stoff eg hadde liggande frå diverse prosjekt, men her kunne eg også brukt avlagte klede. Tynne bommullstoff er nok best? Ertene kostar lita, så dette vart nesten gratis "løye".

Det gjekk ganske kjapt. I forklaringa stod det at ein skulle sy ein stikning rundt heile posen etter at posen var fylt med erter. Det er nok greit, for på den måten vert det dobbel saum, men sidan syinga var utsett til siste kvelden gjorde eg det på enklaste måte. Sydde derfor berre att holet.



Me hadde ulike leikar, konkurransar og stafettar med posane: Ein kan jo bruke erteposane til så mykje, men her er nokre tips:
  • Kaste til kvarandre (ein stå i midten og prøve å få tak i posen?)
  • Balansere posen på ulike kroppsdelar.
  • Bruke posen som "stafettpinne".
  • Dele plenen i 2 med eit tau. Eit lag på kvar side.I løpet av td. 2 min skal alle prøve å få alle erteposane over på det andre laget sin halvdel. Dei som har færrast posar på sin halvdel når tida er ute, vinn.
  • Dele alle i 2 eller fleire lag: Fyrste mann ut spring og legg posen på ein angitt stad og spring tilbake. Neste mann spring fram og hentar og slik held ein fram til alle på laget har sprunge ein eller fleire gonger. (eg var også med og fekk opp pulsen ;-)
  • Setje ut ei bøtte og sjå kven som klarar å treffe.
  • Trikse med erteposen.
  • Gøyme erteposen og leike "tampen brenn".
  • Stå/sitje i ring. Posen går frå den eine til den andre når musikken går, når musikken sluttar må den som har posen gå ut av leiken.
  • Min ertepose er "lasta" med..
  • Sjå kven som kan kaste lengst.
  • Sjå kven som kan stable flest erteposar opp kvarandre (dette er ikkje så lett som det høyres ut..)
  • Finn den "typen" det er mest/færrast av (samarbeid)
  • Sitje i ein ring: posen går frå den eine til den andre og så skal kvar og ein kome med eit nytt forslag til kva ein kan bruke ein ertepose til (td pute, hakestøtte, dørstoppar, her er det lov å vere kreativ..)
  • Sitje i ein ring: posen går frå den eine til den andre og så skal kvar og ein kome med eit nytt forlsag til kva denne posen "eigentleg" er. (Her får ein verkeleg brukt fantasien til å kome på dei mest "usannsynlege" forslaga.
  • og sikkert mange andre ting.. Nokon som har fleire forslag?
Me var veldig heldige med veret og aktiviteten var stor. Det var veldig kjekt og det gjekk bra, men unntak av at ein av posane hamna på taket. Posane fekk hard medfart, men det gjekk ikkje hol på nokon av dei, så kanskje enkelsaum held? (Men det er klart det er jo lurast å sy dobbelsaum.)

Kvar og ein fekk med seg ein ertepose heim i staden for godtepose. Kanskje dette kan vere eit tips til andre?

10 kommentarer:

smileull sa...

Tusen takk for supert tips! Dette tipper eg vil slå an i femårsdag også. :D

Misemor sa...

Fantastisk tips! =) Tar det med også til voksenselskap dette. Og de som fryser litt kan kanskje få varmet sin i microovnen?!?! Eller få en nedfrosset en hvis det er varmt?!?!?!

I noen dager nå har jeg hatt trøbbel med blogger, så mine oppdateringer kommer ikke i bloggrollene rundt omkring. Derfor spør jeg litt overalt; Vil du være med på min give-away, titt innom da vel. =)
Misemor ønsker en fin dag til alle!

chili og kjærleik sa...

Gjett om eg skal sy i helga, supert med tips no som det straks er bursdagstid for fireåringen!

Anonym sa...

Takk for morsomt tips:)

siripiri sa...

BRA bursdagstema og kjempekul ide!!!!!! Må heilt klart prøvast!!! Kanskje en artig ide til klassen og, tenkjer eg.. ?

Anonym sa...

GULL!!

Ellen Marie sa...

Så gøy!!! Fikk flashback t barneskolen no, og d var på 80- og 90- tallet ;-) så de har vært m lenge!!!

Turid sa...

Det er ingen begrensing på hva en lærer her på nøsteblogg!!!

Berna Marie sa...

Tusen takk for supre tips!! Kjempegod idé til St.hans aktiviteter og bursdagsfeiringer osv:)) Gleder meg til å leke selv!:)

Ingeborg Marta sa...

Takker for tipset. Sydde 30 erteposer til 6-årsdag og det ble mye hyggetid underveis i arbeidet. 6-åringen elsket å finne stoffer, måle opp erter, vrenge posene og helle oppi erter, så sto jeg for klipping og sying.