fredag 30. september 2011

Behandla - ubehandla???

I innlegget førre veke ba eg dykk skrive om det var noko det ville lese meir om. Eg har lese alle 680 kommentarane og notert meg idear til innlegg. Eg fekk også ein e-post frå ein lesar som gjerne ville vite meir om forskjellen mellom ubehandla ull og konvensjonell ull. Så DET er dagens tema. Dette vart ei heil lita forelesning, håpar du heng med; det er mykje, men viktig info:


torsdag 29. september 2011

Vinnar av konkurransen!

Takk for alle bidrag til konkurransen! Så mykje flott tilbakemelding! Eg har notert meg alt de vil ha meir av. Det kjem , det kjem ;-)

Dessverre er det nokon som seier dei har hatt problem med å legge inn kommentar. Eg trur det botnar i ei misforståing, for det er maks 200 kommentarar som blir vist, dei andre får ein fram ved å trykke på "Nyere" eller "Nyest" til høgre i skjermbildet:


Vart ikkje så tydeleg, men altså nederst til høgre i dette biletet er det du trykker.
 Eg håpar derfor at det var grunnen. At de rett og slett ikkje fann att kommentaren de hadde posta?

Vinnaren er trukke via Random.org og det vart:
June (June har blogg som de finn om de trykker på namnet hennar ;-))
June sa...
Gratulerer med 25000.
Elsker båder klærne, garnet og oppskriftene. Det nye heftet med 8 oppskrifter var veldig smart.
25. september 2011 20:36

Gratulera, June! Send ein e-post til post@nostebarn.no med di adresse, så er gåvekort snart på veg til deg. Eg ser du er glad i å strikke, mon tru om alt blir tatt ut i garn?
 
Takk til alle som var med! No får me vente på det kanskje ein dag blir 30 000. Me skal ha litt andre konkurransar her på bloggen medan me ventar på det altså...

onsdag 28. september 2011

Idear til dekor

Det kom inn mange fine bidrag i sommarutfordringa vår. (Vinnarane kan du sjå her.) Eg vil vise mange her på bloggen. Dei som har sagt dei vil vere anonyme får vere det. Dei som har skrive at det er OK med fullt namn får det. Dei som ikkje har sagt noko står med førenamn. Håpar dette er OK.

 I dag har eg plukka ut nokon veldig fine døme på dekor. Nøstebarn legg vinn på å ha enkle gode basisoppskrifter og så kan ein dekorere som ein lystar...

Det er Ellen Marie som er meisteren for denne fine genseren med sau på. Ho skriv:
"Nå har jeg brukt deler av den siste måneden til å strikke min første genser! Det er en raglangenser i 3-trådsgarn (Stripegenser-oppskriften fra Brukt på nytt), str 4 år. Litt stor til Emil ennå som er 2 1/2 år. Siden jeg hadde kjøpt så mye 3-trådsgarn på salg, samt at jeg hadde noe restegarn liggende, fant jeg ut at jeg måtte bruke noe av det i konkurransen. Jeg har brukt fargene Vårgrønn (75) som bunnfarge, og Gressgrønn (74), Klar Lilla (42) og Naturhvit (10) i stripene. Dette er farger som kan brukes av både gutt og jente, noe som er praktisk siden jeg har en av hver og gjerne vil at plagget skal kunne gå i arv. Sauen laget jeg ved først å hekle mange luftmasker som jeg sydde på etter litt dandering ;-). Deretter broderte jeg litt med Naturhvit, Klar Lilla og Svart (99). Ser ut til at Emil likte genseren sin og da er iallfall jeg fornøyd (+ artig å strikke og lærte meg samtidig raglanfelling med dette prosjektet)."

Utruleg at dette er første gensaren du strikkar, Ellen Marie! Den vart kjempefin synes eg og så lurt at du tenkjer på det med "jentekler" og "gutekler" i forhold til arving.

Lillian Eikeland som står for traktordekor og Hello Kitty skriv: "

Vart inspirert av konkuransen om bruksgenser til barn. Starta slik på eit prosjekt som eg eg egentlig hadde tenkt å ta nermare jul. Eg har fire barn sjølv og jobber i barnehage. For meg er ein god bruksgenser til barn ein som sitter godt og er varm og har god fasong. Nøstebarn oppskriftene har god fasong og eg liker muligheten til å la fantasien gå på dekorering.

Til prosjektet mit valgte eg 1924. og strikka den i angora ulla til nøstebarn. Dette blir ein varm genser som ikkje klør,og heller ikkje er så tjukk at det vert stift å bevege seg. Kanskje det til og med går med bare den under regnjakka? Barn trives best når dei greier å bevege seg. Fargen har gått ut no,eg var heldig å få kjøpt litt av eit rest lager. Gensaren er strikka i størelse 6 år med dobbel trå.

Ein annen ting med ein bruksgenser er at den bør falle i smak hos motaker. Liker barnet genseren vert den og brukt. Motakeren av denne liker Hello kitty, og eg tenkte at eit katte hode kanskje ikkje var umulig å få til? Brukte hjule som eg fann i boka "strikk til nøstebarn" som utgangspunkt men hekla den noken omganger større. Så hekla eg på to øyrer. Eg brukte ein rest eg hadde av tre trås merino ull. Til blomsten nytta eg rester av to tråds ull. Nase verhår og auger er og brodert på av reste garn. Så håper eg at motakeren ser at det skal forestille Hello Kitty og at genseran vert brukandes.

Strikka og ein annen "dekor" her brukte eg ein traktor som eg fant mønster på i "Leik med marius" Strikka på rundpinne med to trås meino ull. Dette og rester. Hekla pikoar rundt slik vert det ein dobbel lapp,kanskje litt tjukt? Sender med eit bilete av den og for å vise kor ulik ein og same genser kan bli med ulik pynt! Litt meir gutte variant kanskje?"

Kjempefin dekor, Lillian! Lurt å lage dekor ut i frå interessene til mottakarane.



Jannicke har også strikka gensar med traktor: Ho skriv:
"Har strikket en barnehagegenser i tretrådet garn fra nøstebarn i str. 2 år. Oppskriften er hentet fra «Brukt på nytt»-boken. Traktormønsteret brodert på magen er også hentet fra mønsterark i samme bok. Valgte å strikke en matchende ricbbestrikket bukse til genseren (oppskrift hentet fra «Strikk fra nøstebarn»-boka) til bruk under kjeledress / regntøy utover høsten. Alt garnet som gikk med er handlet på salg på nøstebarn. Regner med å bli veldig fornøyd med et lettstrikket barnehagesett. "
Eit veldig fint og praktisk sett. Eg har ikkje sett traktoren brodert på med ein farge, men det var veldig fint!
Takk for inspirasjonen alle tre!

mandag 26. september 2011

Inspirasjon til strikk i nye fargar og trekning Amandaprosjektet

Først litt inspirasjon til strikking:

Her er Aksel (18 mnd) i Bestefartrøye str 2 år (Oppskrift 1945 + Strikk til nøstebarn). Gensaren er ein av mine absolutte favorittar og den vart utruleg fin i den nye fargen 85 Rust! Knappane er ordknappar frå Snella og Peronella og dei passa veldig godt til rustfargen.

Omslagsjakka og lettsrikka lue i rillestrikk (oppskrift 1936 + Strikk til nøstebarn) i den nye fargen 61 Akvamarin. Denne fargen er eg så nøgd med. Fin både til vaksne og born og fin i kombinasjon med andre fargar. Sokkane er Madam Møllers (1904 + Strikk til nøstebarn).

Amandaprosjektet:
Takk for engasjementet rundt innlegget om Amandaprosjektet! Så kjekt at så mange av dykk kan tenke dykk å strikke til dette gode og viktige prosjektet. Eg har fått ein koseleg telefon frå Kari som hadde ein god ide til korleis Bitteliten sjelevarmar som er på gratisoppskriftene, kunne bli endå lettare å kle på ein liten kropp:
I staden for å sy saman skuldrene strikkar ein skuldrene på bakstykket litt lenger slik at disse fungerer som selar. Fest med små trykk-knappar på framstykket?












Når ein skal legge opp etter første ermhol legg ein opp 8 (10) masker ekstra. Strikk like mange riller som skulderstykket framme. Fell av dei ekstra maskene. Strikk nakken (3-4 cm) og legg opp 8(10) m til ny sele.
Eg har ikkje rukke å prøve det ut endå, men eg synes det var ein god ide og eg rettar oppskrifta etter eg har prøvd det.




Fleire av dykk seier at sjukehusa krev superwashbehandla ull til plagga me strikkar. Dette synes eg er rart? Eg trur dette botnar i ei misforståing, for ubehandla vert like rein som superwash ull. Rett og slett fordi ull vert rein ved 30 grader og så har det kanskje noko med at lanolininnhaldet som fungerer bakteriedrepande? (Sifo gjorde ei undersøking på dette: Dei testa bakterieinnhaldet på ammeinnlegg i behandla og ubehandla ull.) Eg veit at nokon sjukehus frys ned kleda før dei tar dei i bruk.

Og så til dei 10 som få ein bunt med garn til mange gode småplagg:
Evelyn sa...

Er så heldig å har fått tre friske fullbårne jenter, så vil gjerne hjelpe til og strikke til de små som ikke har en så lett start på livet.

Lise-Kari sa...
Jeg vil kjempegjerne være med og strikke! Skal få med meg resten av jentene i strikkeklubben også, så kan Haukeland få en liten ladning:-) Fantastisk prosjekt!

Retrobaby sa...
For et flott initiativ - jeg blir gjerne med og strikker. Nyfødtstrikk går jo så kjapt!

SiljeVanilje sa...
Jeg strikker gjerne! Har tidligere strikket til ei venninne som fikk prematurt for vel et år siden, den lille jenta lever i beste velgående i dag. Den gangen strikket jeg ut i fra nøstebarNs oppskrifter:) det er godt å kunne hjelpe!

Strikkelisa sa...
Fantastisk initiativ og prosjekt. Og så herlig at dere i Nøstebarn sponser på denne måten. Jeg blir gjerne med på strikkinga.
-strikkelisa. :)

Jannike sa...
Jeg har allerede laget noen plagg til UNN Tromsø: Min lille gutt kom 7 uker for tiden og vi tilbragte 3 uker ved Nyfødt intensiv. Et fantastisk arbeid gjøres hver dag av de ansatte. Jeg har bl.a strikket lettstrikka babylue fra Nøstebarnboka.

LIV sa...
Veldig bra!
Sjølsagt vil jeg bidra i prosjektet!
Strikker for tiden på et ullpledd som skal sendes til Nepal, til barn som ikke har det så bra. Synes slike prosjekt er viktig å støtte!!!
Kjersti Ø sa...
Klart jeg vil være med! Fantastisk flott at du tar dette opp i bloggen og skaper bevissthet.

Hilde sa...
Som heldig bestemamma til tre nydelige og friske barnebarn er det en glede å få være med å bidra til barn som trenger en ekstra hjelpende hånd. Med og uten garn fra Nøstebarn:-)

Nelle sa...
Så flott med tips og oppskrifter!
Jeg strikker stadig vekk tepper til amanda-prosjektet og det kommer jeg til å fortsette med =)

Takk for at de stiller! Send meg ein e-post til blogg@nostebarn.no med adressa di, så er garnet snart på veg!

Så minner eg om konkurransen her på bloggen der premien er gåvekort på kr 2 500,-. De finn konkurransen her.