Eg kjøpte fargen for kr 69,- på Jernia. Fargen eg har valgt heiter Violet og det var ein del fargar å velje mellom. Ein kan også kjøpe denne typen på nettet. Til dømes her til 46 kroner.
Boksen er berre 5 cm høg og den inneheld ein gele. Eg brukte heile boksen, men dersom ein vil ha ein lysare farge kan ein bruke mindre.
Miljø:
Det er jo fullt av E'ar i innhaldet, men eg tenkjer at det som faktisk er godkjend for innvortes bruk ikkje kan vere alt for skadeleg å ha på huden? Det er jo i alle fall ingen tungmetallar i det. Det er veldig kompakt og liten og grei emballasje. Praktisk at ein kan dosere kor sterk dose ein vil.Framgongsmåte:
Eg blanda ut geleen i vatn og varma det opp. Hadde i nokre spiseskeier edikk og litt ullvaskemiddel. Hadde 5 liter vatn i gryta og la i dei våte ullkleda. Varma opp til det byrja å ryke av vatnet (=80 grader?). Sette plata på 1, la på loket og lot det stå i cirka ein time. Innimellom rørte eg litt rundt. Tok ut plagga med ein matpinsett og la dei i vasken. då dei var kalde skylte eg dei til vatnet var klart. Sentrifugerte og hang dei opp til tørk.
Resultat:
Fargen vart ikkje heilt som venta og trøya i 100% ull vart mykje meir burgunder enn trøya i Ull/silke. Fargen vart ganske jamn (litt skjoldete) og eg vil absolutt sei at resultatet var vellukka. Eg trur at eg eg neste gong vil ta halv boks til denne mengden klede. Eg ser at nokre av lesarane her på bloggen skriv at fargen vert litt meir skjoldete og vert svakare etter ei tids bruk. Men dersom det er for å friske opp gamle ullkler eller dekkje flekkar er det kanskje betre enn om kleda bare hadde blitt liggande?Sidan vatnet i gryta var ganske lilla framleis ville eg prøve å farge meir. Eg hadde liggande noko garn som var falma etter ein sommar i eit utstillingsvindu og eg tenkte det var glimrande for litt eksperimentering: Eg tok av banderolen og festa ein hyssing rundt bunten slik:
Eg hengde ein s-krok på kanten av gryta og hekta hyssingen på denne. Då var det enkelt å bevege garnet rundt i gryta utan at det vasa seg. men så gløymde eg å væte garnet før eg hadde det i gryta. Vatnet ville ikkje trekkje inn i garnet, så eg stakk nevane oppi og arbeida vatnet inn i garnet =IKKJE LURT:
Handa vart blå og eg reiste på påskeferie som Hulken. Utruleg at konditorfarge sit så godt! Det gjekk ikkje av med verken White Spririt eller sterk såpe. Etter 2 dagar såg eg berre skiten ut og etter ein tur i basseng vart eg meg sjølv igjen. Så kanskje tipset om klorvatn ikkje er så dumt? Men altså: BRUK HANSKAR!
Garnet vart slettes ikkje slik eg hadde forventa. Det vart skjoldete i lilla, blått og turkis. Men det vert sikkert ein spennande effekt av det når det vert strikka av? Eg skal eg vise bilete når noko er ferdig. Men kvifor vart det ujamnt i fargen? Eg kan tenkje meg 3 grunnar: Anten fordi fargebadet allereie var "brukt" og at det ikkej var nok fargestoff til å farge begge buntane lilla? Eller hadde det med at garnet ikkje var vått når eg la det i fargebadet? Eller at garnet var litt falma? Kanskje ein kombinasjon av disse?
Eg har liggande litt meir av garn som er falma og ikkje kan brukast til noko utan at det vert farga. Om andre kan tenkje seg å eksperimentere litt kan dei skrive ein kommentar her på dette innlegget, så trekkjer eg ut 4 som får 4 buntar av dette falma garnet kvar.
I morgon morgon er det Herdins Textile Colour som står for tur :-)
61 kommentarer:
Jeg har både rosa og lilla cacasfarge liggende som jeg har tenkt å bruke til å friske opp ullbodyene til snuppa :)
Så det var gøy å lese om dine erfaringer :)
Ha en fortsatt fin dag :)
Jeg har farga med Herdins :) Det gikk kejmpefint og klærne blei ikke sjoldete :)
Men neste gang skal jeg prøve fargen til Spinnvilt, har hørt mange som er fornøyde med den :)
Jeg testet farging med den fargen for litt siden. Ikke helt fornøyd med resultatet, men greit nok. Ble skjoldete, og jeg visste ikke helt hvordan jeg skulle gå frem. Les mer her om du vil: http://mamma-siviren.blogspot.com/2011/03/farging-av-ull.html
Har også prøvd å farge med wilton, men jeg hadde ikke i edikk og ullvaskemiddel. Gikk supert det.
Var du ikke redd for at ulla krøyp når du rørte rundt?
Jeg kokte bare opp og lot det stå å avkjøle før jeg rørte ulla.
Garnet ble jo kjempefint! Kan jo være at det var lysnet litt her og der fra før som gjorde at farven ble litt ujamn. Men synes det ble veldig fint faktisk :) Følger spent med videre her :) Lykke til!
Jeg vil tippe at det har noe med lanolinen i garnet å gjøre, for lanolin i seg selv er vel i utgangspunktet vannavstøtende? Så de områdene med lite lanolin vil kanskje trekke til seg mer farge enn de områdene i garnet med mye lanolin?
Spennende eksperimentering! Synes nesten garnet ble mest vellykket, med fine fargesjatteringer. Følger spent med videre :)
Så spennende! Har aldri hørt om å farge ull slik før! Takk for tipset
Eneste gangen jeg har fått skjoler er når jeg har glemt å gjøre plaggene jeg skulle farge skikkelig våte først. Det må nesten være dryppende vått før man putter det i fargebad. Jeg gleder meg til å se hvordan det garnet blir når du strikker med det, for jeg elsker den fargekombinasjonen :)
Etter ein gulpeunge er alle ullplagga våre fargelagt i kanten oppe. No som lillesøster skal bruke de ser de skittne ut alt, så eg skal jammen meg farge de! Venter sjølvsagt til du har prøvd alle metodane så eg veit kva som er best:)
Hei.
Så spennende. Har du prøvd å farge med urter og andre vekster i naturen?
Det hadde vært spennende å prøvd det.
Jeg gleder meg til å se hva du får strikket av det lilla garnet.
Mvh
Ingvild
Garnet ble kjempefint! Jeg likte sjatteringene på det kjempegodt.
Morsomt å følge med på fargemetodene du tester! Her ligger det forskjellige sorter konditorfarge samt KoolAid og venter på å testes. Garnet ble lekkert - folk betaler jo i dyre dommer for håndfarget garn med sånne sjatteringer :)
Det garnet vart jo veldig fint! Meir spanande enn om det hadde blitt jamnt lilla.
Eg har sjølv ein del arva lyse ulltrøyer som treng litt farge, så dette er inspirerande lesing. I utgangspunktet hadde eg tenkt å bruke løkskal, men nå får eg sjå her først :-)
Garnet ble nydelig! Jeg har farget med "vanlig" konditorfarge uten noe oppkok. Ullbodyen fra Sparkjøp var enkel å farge og fikk lite skjolder, mens Nøstebarn sin var litt verre. Tipper det kan være lanolinen som gjorde forskjellen. Men nå skal det sies at den første kun ble farget i rød farge og fikk en nydelig rosa farge. Den andre hadde jeg rød + litt blå farge i for å få lilla. Den ble lys gråfiolett med noen rosa sjatteringer i. Prøvde med mer rød farge, men lyktes ikke helt. Tror jeg skylte for tidlig. Ble ikke sentrifugert heller, så fikk en knallrosa strek på ryggen etter den ene stangen den lå på tørkestativet. Tipper at vannet samlet seg der og konsentrerte fargen. Kjedelig men nyttig lærdom. Bodyen er fin frampå med spesielle lillarosa sjatteringer, men ikke noe særlig bak. Tror jeg skal prøve en gang til, eller...?
Takk for at du tester ut forskjellige fargemetoder! Det er endel å velge i, så supert å få tips :-)
Jeg synes garnet ble flott med sjatteringer i. Mer spennende å strikke av også og se hva slags mønster en får!
Så kult at konditorfarge kan brukes! Det må jeg jammen meg trste ut! Takk for tips og erfaring!
Jeg synes at alt ble fint, både trøyene og garnet. Jeg elsker at garnet blir litt sjattert, og fargene du fikk tryllet fram ble fantastiske! Hadde vært veldig morsomt å vinne garn til utprøving av farger. Kunne tenkt meg til å prøve Storm konditorfarge f.eks.
Ditte e so kjekt!! Har gjort same testen som du, men klarte ikkje å stoppe så eg slengte oppi eit stort, laust garnnøste til slutt.Dette vart ein gradvis overgang frå azurblå til kvit, som eg har tenkt å strikke hals av.... Tenkte ikkje heilt på korleis eg skulle tørke det før eg slengte det i gryta.. så når det var skylt i eddikvatn nokre gonger nøsta eg det ut over eit klesstativ.. Mannen min e nok etter kvart heilt sikker på at eg er sprø, hihi. Men resultatet vart no bra! Har også brukt grøn og blå, og miksa og kosa meg.. Prøvde meg på svart men vart då overraska med alt frå djup lilla til lys lyngrosa, heldigvis vart jentene og stillongsane fornøgde..
Så bra at du tester ut dette! Jeg farget endel flekkete ulltøy med Wilton for ei tid tilbake, og syntes det gikk veldig bra.. Det ble jo ikke perfekt, men et så hvertfall ikke skittent ut lenger :) Likte spesielt de plaggene som var blå fra før, som nå ble lilla etter et rødt fargebad!
Jeg synes det blei spennende med dette garnet som blei i flere farger. Fargene blei jo kjempefine :) Det hadde vært spennende å prøve å farge garn. Må prøve å få til det en gang i nærmeste fremtid.
Dette var lurt og dette skal prøves ved neste ullfarging:) må jo være billigere å bruke konditorfarge enn vanlig ullfargemiddel, iallefall det som er tilgjengelig her nord. Blir spennende å se resultatet på strikkingen ned dette garnet du farget!
Spennende! jeg vil gjerne prøve meg:)
Fin farge ble det, men holder den i vaks :)
Jeg har flere farger fra wilton liggende, og jeg kunne gjerne tenke meg å farge noen bunter. Jeg har lyst til å lage "regnbuegarn" Altså farge garnet i flere omganger :)
Så sant det lar seg gjøre i praksis :p
Kanskje du ikke får lest alle kommentarene (kommenterte det samme i går), men når vannet begynner å ryke er det 60 grader - ikke 80. Det står det i hvert fall på oppskriftene på Gløgg-flasken :) Dette kan kanskje ha noe å si for resultatet??
Eg har fleire wiltonboksar liggande, og vil gjerne prøve å farge garn!
Det er forresten mykje billigare å kjøpe fargen frå utlandet (men nå hugsar eg ikkje kva for ein nettbutikk eg brukte...)
Eg les alle kommentarane og fekk med meg at eg kanskje berre har væra opp til 60 grader. Ikkje veldig vitenskapelig dette, men eg trur vatnet har vore meir enn 60 grader. Kanskje ein bør skaffe termometer eller rett og slett koke det opp?
Eg har allereie brukt min lite vitenskapelige magefølelse-metode på dei første 3 omg. Men på siste skal eg koke opp :-)
Tusen takk for gode tips! Har lyst til å prøve å farge garn selv med konditorfarge eller en av de andre metodene du skal beskrive. Garnet ditt fikk en nydelig farge, som jeg selv kunne ha tenkt meg å strikke noe av!!
NO kom malin 4 år for å sjå ka mamma driv med, og ho blei veldig gla når hon såg en lilla genser akkurat som den ho har på ... Vi syns det e berre bonus at fargen e litt variert, det blir fint mønster av det. Nesten skummelt kor glade vi hade blitt for å vinne garn og farge til en tunika : ), merkar eg. Storesøster tuva er HEILT enig!!
MALIN og TUVA
så spennende tema! Dette må jeg prøve meg på, må prøve å få tak i konditorfarge og farge litt garn som jeg kan strikke noen plagg av.
Prøvde å farge garn av høst-lauv når jeg var student, ble ei flott gulfarge.
Hei detta var spenande! Fargen på garnet vart flott,at den vart litt ugjamn er bare sjarmerane.Kanskje kan det ha med mengden garn i forhold til fargebadet, Eg veit ikkje, men veit du kor holbart farging med konditorfarge er i vask etter at det er tørka? Detta var virkelig spenande venter spent på forsettelsen:)Farging med løk gir fin gulfarge!
Dette høres artig ut, hadde vore moro å prøve og sjå ka ein kan lage av det:)Aldri prøvd slikt før, artig å lese om.
Spennende å lese om folks erfaringer med farging-får lyst til å prøve selv!
Prøvde for ein månadstid sidan å farga litt med denne konditorfargen. Farga noko rødt, noko lilla og noko blått. Fargeresultatet blei bra på alle, litt skjolder vart det på noko og dei aller brunaste flekkane blei ikkje jamt med resten, men plagga blei brukande igjen. MEN; Når eg etter farginga har vaska dei BLÅ klea, har blåfargen smitta over på nokre av dei andre klærne i maskina (låg ikkje lenge før eg hengde dei opp), slik at dei har blitt "øydelagd". Det raude og lilla smittar ikkje fargen, så det var berre det blå. VÆR OBS PÅ DEN :-O
Vart litt sur og mista farge-lysten, så gler meg til neste ekspriment med Herdins :-)
Jeg har forsøkt de fargeposene dere hadde butikken tidligere. De ga et fint resultat. I tillegg har jeg farget med løkskall hvilket ga en fin sennepsgul farge.
hva med rødløk da, har noen prøvd det? jeg verken strikker eller vil prøve å farge garn, så jeg trenger IKKE å vinne garn, men lurer altså på dette?
Dette ser gøy ut! Skal prøves på en fllekkete ulltrøye;)
Tusen takk for mange spennande, kjekke og nyttige tips du deler med oss på denne bloggen! Har fleire wilton fargar ståande i skapet, så dette skal prøvast på nokre av dei godt brukte = grålige ullbodyane me har arva. Er det nokon som har prøvd å farge bomullskler og på denne måten?
Har veldig lyst å vera med på trekning av tråd :)
Fint tema og jeg liker at det ikke blir alt for vitenskapelig! Det er lenge siden jeg har farget noe men gjorde det den gang rett i vaskemaskinen! På ull ble fargen alltid blekere enn jeg håpet - men det var vel på grunn av lav temperatur (maskinens ullprogram)!?
Dersom de skal farge bomull må de koke opp fargebadet med plagga i eller farge i maskin med fargestoff som er rekna til dette. Grunnen til at ull ikkje tek farge i maskinen på ullprogram er at det heile må opp til ein viss temperatur før fargen set seg (vert fiksert). Lykke til!
Spennende med farging av garn. Jeg kunne godt tenkt meg å eksperimentert med farget garn. Fargenyanser er bare ekstra spennende...
Min erfaring med farging er fra tenåringstiden med bomull, varierende resultater og ødelagt baderomsteppe var resultat!
Spennende med ulltøy og garn.
Strikkelysten ble vekket ved fødselen av lille mannen både hos meg og min mor...har virkelig lyst på garn.
Så utrolig morsomt at man kan farge garn med konditorfarge! Det skal jeg virkelig prøve en gang :)
Stilig! Garnet ser jo flott ut på bildet - håper du legger ut bilder når noe er strikket av det =)
Farging er kjempegøy, det morsomste er at man aldri er sikker på resultatet. Jeg har en veninne som driver med plantefarging, hun har lovet at jeg skal få bli med en gang.
Dette var utrulig bra:) har ein lysbrun ullgenser frå gudrun sjøden som eg har lurt på å farga gråsvart, men ikkje visst korleis og med kva... No skal eg prøva, inspirert av dåke:))
Takk for flotte tips for farging av ull!!
Har både Cochenillelus og masse løkskall liggende, så jeg er klar for farging!!!
KariH
Det garnet ble jo lekkert! Vil gjerne se flere fargeeksperimenter også. (Løk f.eks. er jo supert)
Jeg har mye og god erfaring med Wilton farge, har også brukt matvarer som kaffe, saft av blåbær og solbær å sjokolade pålegg!
Mange flotte farger fikk jeg :)
- Men jeg har aldri kokt opp eller brukt eddik… men resultatet har stort sett vært jevnt farget og holdt lenge! (fikk noen uheldigt fargede plagg;)
Jeg har faktisk farget oppi zipplook poser, blandet fargen ut rett i posen med varmt vann fra springen! Jeg har bare oppi nok vann til at plaget er dekket, så presser jeg ut luften å lukker posen!
Slik får det ligge i 2-3 dager, ”rører” rundt med posen alltid lukket 1 gang til dagen. Skyller å tørker, og siden bruker plaget som vanlig!
Men har bare gjort dette med Janus tøy, har ikke hatt behovet for å prøve det på Nøstebarn kler før nå så jeg skal prøve meg på det i kveld:)
Jeg tar mer enn gjerne imot garn å prøver meg på, du fikk så flott farge på ditt!!
Uff beklage det ble vist veldig langt innlegg, jeg blei så ivrig!
Garnet ble jo kjempefint!
Jeg har planlagt å farge en del ulltøy etterhvert, men da superwash i maskin med Herdins. Nå tror jeg jammen jeg skal ta noen plagg av ren ull med konditorfarge også:)
Jeg har jobba en del med plantefarging av garn for noen år siden, men har lite erfaring med farging av ullklær. Jeg ser at noen av ullskjortene til snuppa vil være store nok neste vinter også, så det er veldig fint å få noen tips om hva som er beste måten å farge de på. Jeg nyter bloggen:-)
Kjekt å lære litt om ullfarging. Det har eg aldri prøvd før, men varrt litt inspirert til å teste det ut.... Har nokre ullbodyar med flekkar som ikkje går vekk. vil dei vise dersom eg fargar det på nytt trur du? Det er verdt eit forsøk:)
Ingvild: Det er ikkje godt å seie om fargen dekkjer flekkande heilt? Gråe kantar forsvinn i alle fall. (Om flekkane ikkje forsvinn kan du jo hekle på eit lite motiv og sy over flekken?= Lykek til! (Og gi oss gjerne tilbakemelding her om korleis det gjekk!!)
Kjempespennende å følge med på dette ullfargeprosjektet ditt. Har tilgang til saueull som jeg vasker lett og karder for å filte på forskjellig vis. Det blir jo litt kjedelig med bare hvit og grå ull i lengden, så nå skal jeg finne frem kjelen og prøve litt farging jeg og. Inspirert av deg :-)
Så gøy:) Har noen plagg som kan friskes opp til neste høst/vinter.
Inger B.
Hei hei, lite tips angående farging av ull/silke!
Jeg farget nett min sønn`s hvite singlet i U/S å da brukte jeg Wilton mosegrønn, å ullen ble en flott grønnfarge mens silken fikk en oransje farge, mindre fin men finere enn skitten hvitt :)
Kansje jeg skal kjøpe brunt å prøve på ny :)
FLERE FORSLAG TIL PLANTEFARGING :)
for å unngå sjold er det viktig å røre ganske ofte.
Det er mange vekster som er lette å sanke som kan brukes: bjørkeblad, blåbærlyng og pors er supre å sanke i denne sesongen. De kan også brukes etter at de har tørket (så det er mulig å lagre vekstene til kaldere stunder). I tillegg kan man sanke løkskall, rødløk fungerer ikke like bra som vanlig løk.
jeg er usikker på hvordan fargene sitter uten at man har beiset garnet/plagget. Jeg pleier å bruke ALUN (som lett kan fås tak i på apoteket).
en del sopp og lavarter kan brukes og de trengs ikke å beises før farging. dette gir som oftest gule/brune nyanser.
for å fiksere fargen til slutt skylles plaggene i varmt vann blandet med eddikk, og videre med mer og mer kaldt vann.
Lykke til :)
hei hei..
Syns dette tipset var kjempemorsomt da, det å få garn som er selv farga melert er jo bare kjempefint da.. Dette liker jeg at en kan bruke opp garn som bare ligger å isolerer i skuffer og skap.. forstsett slik som nå du og ønsker deg løkke te med produktene av garnet du har farga.
Ps. De farga klærne var jo kjempefine da, moro å ha noe som ikke alle andre har kanskje.. fint gjenbruk av klær!!
Legg inn en kommentar