No er dei nye garnfargane på plass. I februar hadde me eit innlegg her på bloggen der me spurde dykk til råds om me skulle kutte ut 3-tråds garnet og om kva fargar som stod på ønskelista. Me fekk over 100 svar og på bakgrunn av dette la me kabalen. me turde ikkje kutte ut 3-tråds heilt for mange av oss likar godt dette garnet. Me gjekk ned til 9 fargar i 3-trådsgarn og på den måten kunne me få fleire fargar i Silkeull og 2-tråds Merinoull. I dag presenterer eg dei nye fargane:
|
Her er alle dei nye fargane. Fin bukett? |
|
Mange av dykk ønska fleire fargar i Silkeull og derfor har me 5 nye fargar her: 43 Lilla, 51 Lys blå, 15 Muldvarp, 30 Sart rosa og 13 Mokka. Silkegarnet har ein fin glans og fargane endrar seg litt i forhold til same fargane i ull: dei vert meir melerte og silkefargen (beigegul) skin gjennom. Derfor vert rosafargen nesten aprikos. Veldig fin i saman med fargane den ligg saman med på biletet? Sjå oversikt over alle Silkeullfargane her. |
|
Haustfargar stod på ønskelista til mange og her er dei nye fargane i denne sjangeren: 84 Oker, 85 Rust, 76 Eplegrønn. Biletet lyg litt for dei er meir avdempa enn biletet syner. |
|
Og så til den meir "dusty" paletten: 34 Gammelrosa, 56 Blåbær og 61 Akvamarin. Den gammelrosa er ein farge som har vore ute av sortimentet ei stund og mange (inkl. meg) er no glad for å ha han tilbake. Blåbær er ein deilig Lillablåfarge som er like fin til begge kjønn. Akvamarin er fin saman med mange andre fargar og også fin til babyplagg? Sjå oversikten over alle fargane i 2-tråds her. |
|
Dei melerte fargane har me ikkje hatt før i 3-tråds, men dei er populære og mange av dykk ønska dei i 3-tråds. 12 Naturbrun, 93 Skifer og 92 Naturgrå kjem derfor inn no. 6 av dei "gamle fargane har me beholdt slik at det er 9 fargar i 3-tråds no. Sjå alle fargane her. |
Me kunne ikkje oppfylle alle ønska, men me er veldig nøgd med dei nye fargane. Dei er lette å kombinere med dei fargane me har frå før og me har no eit breidare spekter.
Kva tenkjer de?
Me strikkar for harde livet på strikkemodellar i dei nye fargane for eg fekk nokre prøvenøster av kvar farge. Skal presentere dei på bloggen etter kvart.
Og for dei av dykk som er spente på kven vinnarane i sommarstrikkutfordringa vår kan eg sei at det nærmar seg eit svar. Me har hatt komitemøte, men det var vanskeleg å velje for det var så mykje fint! Men no er me i tenkjeboksen og skal ta avgjersla snart :-)
På tysdag spurde me kva det likar best i undertøy/kler: Ull/Silke-blanding eller 100% ull. bli med i diskusjonen og vinn eit undertøysett i valfri storleik og kvalitet. trekning på måndag 12., så det er ikkje for seint å bli med. Konkurransen finn de
her.
26 kommentarer:
Flotte farger! Gleder meg til jeg får vite hva som svømmer i magen til min svigerinne. Elsket både sart rosa og lys blå i silkeull. :)
Herlige farger! :)
Jeg synes det er fantastiske farger dere har valgt! sikle sikle...
Fantastiske farger - jeg sender mine Oslo kontakter til butikken snarest :)
Å så mye flotte farger!! Kjenner inspirasjonen komme her :)
Er kjempefornøyd med de nye fargene:) Et stort pluss til dere for at dere er lydhør for hva kundene ønsker seg!
(Oi, skreiv ein feil, prøver igjen...:)
Å, kunne eg berre ta på dei, lukte på dei, sjå på fargane "live"! Synd at de ikkje tilbyr fargekart for oss som ikkje bur nær ein Nøstebarn-butikk. Supert at silkeull-paletten er blitt utvida! Eg er veldig nysgjerrig på Muldvarp-fargen. Og på Akvamarin i merinoull. Liknar dén på Sjøvann som Pickles har i Thin Organic Cotton, skal tru? Den er veldig fin.
Sååå mye fine farger. Synd jeg har kjøpestopp på garn for tiden. Kanskje jeg snart må oppheve forbudet. Her var det mye fine farger og også i silkeull. Strikket med silkeull for første gang i sommer og det frister til gjentagelse.
Gleder meg til å handle garn av dere.
SILKESAUEN:
Me har hatt garnkart som var klare i vår, men dei vart veldig dyre og tidkrevande å produsere og me har seldt lite av dei. Du kan bestille ved å ta kontakt med oss på post@nostebarn.no. Dei inneheld ikkje dei nye fargane. Dersom du vil kan eg gjerne sende deg ein liten prøve på muldvarp og akvamarin. Send meg ein e-post på kathrine@nostebarn.no
Syns den gamle paletten var bedre med klare, rene farger
Takk for tilbakemelding! Minner berre om at disse fargane kjem i tillegg til dei klare reine fargane me hadde frå før. Håpet er at også dei som likar haustfargar og dusare fargar skal finne noko hos oss.
Så herlig!! Høstlanseringen er jo toppers! Likte høstfargene - selv om de slett ikke er typisk meg - kanskje jeg skulle prøvd meg på noe i disse nye fine?! ellers kjempefornøyd med at 3-tråds fikk bli og med den duse delen av fargespekteret, jeg synes dere har gjort en kjempejobb! Hvis det nå hadde dukket opp en "kosebukse/joggebukse" til voksen i sortimentet så hadde jeg vært suuperfornøyd :)
Herlige farger!
Veldig glad for akvamarin og for at silkeullen kom med mokkafarge!! HURRA! De e flinke!
Så fine farger!
Glad for å se at mitt forslag om oker kom med :) Kan nesten ikke tro at jeg ikke la merke til at de nye fargene hadde kommet da jeg var i butikken i Sandvika i dag... Ja, ja - får benytte meg av nettbutikken. Klarer uansett aldri å bestemme meg for farger på stående fot ;)
Så flotte farger!
Jeg er veldig godt fornøyd med årets fargeutvalg, gammelt og nytt i kombinasjon. Og jeg synes dere har gjort et godt arbeid med å sette sammen farger. ;-)
Er pakke på vei i posten og jeg håper det er masse deilig garn i den. ;-) Gleder meg vilt til den kommer, forhåpentligvis i morgen. ;-)
ELSKER alle de nye fargene i silkeull. Har allerede bestilt 4 av dem, de andre kommer nok i hus etterhvert :) De melerte fargene i 3-tråds garnet er jeg også veldig glad for, og blåbær i 2-tråds kan jeg nok også få som favoritt!
I dag kom det masse deilig garn. Litt skuffet over nyansen på gammelrosa, men er ellers godt fornøyd. Venter et par pakker til med garn som jeg håper kommer i morgen. ;-)
Må igjen si jeg er godt fornøyd med årets fargepalett. Og jeg synes det er positivt at kundene får være med å si sin mening og at dere følger så godt opp de tips og tanker dere får. Da føler man som kunde at man er med og bestemmer litt og det er kjekt. Jeg synes det er kjekt å se at en farge jeg ønsket meg er kommet med, Mokkabrun silkeull. ;-)
Nydelige farger :-)
Gammelrosa er vel den samme som før...?
Nei den gammelrosa er ikke slik den var. Jeg har tatt vare på en del smårester etter den forrige gammelrosa, og de er så definitivt ikke like. ;.)
Den "nye" gammelrosa skal vere nesten heilt lik som den gamle. Siden du skriv dei ikkje er det kan det vere at du har ei innfarging av gammelrosa som avviker? Den nye er i alle fall veldig lik dei gamle nøsta eg har liggande..
Ojojoj, så fine farger! Kjære vene som det frister! Gleder meg til jeg har brukt opp noe av det jeg har så jeg kan kjøpe mer :-)
ÅÅÅÅ her var det mye fine farger. Kør i fingrene.. Men må strikke ferdig "voksejakken" i voksen str. først :)
MVH Turid
Legg inn en kommentar